Volda Turisthotell er eit lite, intimt hotell som ligg i hjartet av Volda.
Vår stil er uformell og personleg, og vi veit at du vil trivast hos oss.
Volda er eit ideelt utgangspunkt for å oppleve den mektige sunnmørsnaturen
- djupe, blå fjordar, mektige fjell og tindrande klar luft.
Vi er eit sentrumsnært hotell med gangavstand til blant anna høgskulen, sjukehuset, bussterminal, og idrettshallar.
Ørsta/Volda Lufthamn Hovden er ein kort køyretur unna.
Hotellet har totalt 24 rom, alle fullt utstyrt med dusj/badekar, kabel-tv og gratis tilgang til Internett. Over halvparten av romma har nydeleg utsikt mot Voldsfjorden og Folkestadfjella. Frukostbuffet er sjølvsagt inkludert i prisen.
For oppdaterte prisar sjå her:
Hotellet har tre møterom, med ulik størrelse. Amfiet til hotellet har plass til 147 personer, skal du halde mindre møte har vi andre lokaler som passar til det.
Alle møteromma er utstyrt med det du treng av audiovisuelt utstyr.
Alle møtelokale blir tilpassa etter behov.
Vi ordner med kaffi/te, forfriskningar og anna servering dersom det er ynskjeleg.
Restauranten ved hotellet er normalt open kvar dag, og serverar god mat til ein rimeleg pris. I tillegg til ein rikhaldig à la carte-meny og husets spesialitetar kan vi by på dagens rettar til ein overkommeleg pris.
Restauranten har redusert opningstid i samband med Covid-19. Ta gjerne kontakt om du har spørsmål knytt til bestilling eller annan informasjon.
Volda Turist Hotell har erfaring med alle livets merkedagar: dåp, konfirmasjon, bryllaup, fødselsdagsfeiring og minnestund. Enten du vil ha eit intimt selskap eller ei storslått feiring, stiller vi med lokale, servering og underhaldning. Ta kontakt for meir informasjon, tinging og spørsmål.
Om du skal halde eit selskap heime eller i andre lokaler, kan Volda Turist Hotell likevel hjelpe deg med maten.
Vi kan levere til både små og store selskap, møter og liknande. Treng du utstyr eller hjelp til servering, ordnar vi det. Maten får du levert på døra, eller du kan hente den sjølv dersom det er ynskjeleg.
Ta kontakt enten på epost eller telefon 70 07 70 50 for ein uforplikande samtale.